Johan Thoresen () var ein norsk arbeidsleiar og stortingsmann frå Enebakk. Han representerte Høgre på Stortinget i 15 år.
Thoresen var son til ein husmann som døydde då sonen var ung. I 12-årsalderen måtte han byrje å arbeide ved Lillestrøms dampsag og høvleri. 16 år gammal vart han sagmeister og frå 1899 var han arbeidsformann på saga.
På Lillestrøm fekk Thoresen ei mengd offentlege og private verv; mellom anna var han formann i Lillestrømmens ynglingeforeining i 13 år og i Skedsmo indremisjonsforeining i ni år.
Thoresen representerte Akershus amt og Høgre/Samlingspartiet på Stortinget i fem samanhengande valbolkar frå 1892. Han var medlem 1892-93 av Næringskomite nr 2, sidan av Sosialkomiteen frå 1893 heilt fram til han i 1906 forlet Stortinget. I si siste valperiode, 1903-06, var han også medlem av Valkomiteen og Arbeidsløysekomiteen.
Thoresen døydde på Lillestrøm «av lungebrune etter den spanske sjuken».
Kjelder
Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1892-1894 Kategori:Stortingsrepresentantar 1895-1897 Kategori:Stortingsrepresentantar 1898-1900 Kategori:Stortingsrepresentantar 1901-1903 Kategori:Stortingsrepresentantar 1904-1906 Kategori:Folk frå Enebakk