MF «Hardingen», seinare «Erik P.» og no «Hardingen sr.» er ei bilferje levert frå Ankerløkken Verft i Florø i mai 1966 til Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD). Ho gjekk i ruta Kinsarvik-Utne-Kvanndal frå 1966 til 1973. Frå 1977 til slutten av 1980-åra gjekk ho i ruta Halhjem-Våge-Bruntveit og dei siste åra, frå kring 1989 til 1991 i ruta Flatråker-Jektavik-Nord-Huglo.
Ferja vart i 1991 selt til Italia og frå 1992 til 2003 gjekk ho i rute mellom Palau og La Maddalena. Frå 2003 og framover gjekk ho i rute mellom Calasetta og Carloforte på Isola di San Pietro ved Sardinia.
I 2016 vart «Hardingen» kjøpt av eit norsk reiarlag og ført tilbake til Noreg. Ferja vart ikledd dei orginale HSD-fargane og sett inn i turistrute i indre Sognefjorden.
Kjelder Skipet.no Kinsarvik på Fjordfähren (tysk)
Kategori:Norske ferjer Kategori:Båtar frå Vestland Kategori:HSD-eigde fartøy Kategori:Skip frå 1966 Kategori:Skip bygde ved Ankerløkken Verft Kategori:1966 i Noreg Kategori:Italienske ferjer