Erik Must Angell () var ein norsk jurist og politikar.
Angell tok gradene cand.theol. og cand.jur., begge med laud. Han blei borgarmeister i Throndhjem i 1774. I 1782 blei han medlem av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab. Han blei president ved «Trondhjems stiftsoverret» i 1788 og dommar i 1800.
Frå 1804 til 1810 var Angell stiftamtmand (fylkesmann) for Søndre Trondhjems amt (dagens Sør-Trøndelag fylke). Chr. Thaulow. Personalhistorie for Trondhjems by og omegn i et tidsrum af circa 1 1/2 aarhundrede. Ved Trondheim folkebibliotek.
Erik Must Angell var bror av stiftsprosten Jonas Angell. Han gifta seg med Anna Marie Lysholm (1757–1826) i 1780.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Erik Must Angell» frå , den 19. mai 2014.
Kategori:Folk frå Trondheim Kategori:Nordmenn frå 1700-talet Kategori:Nordmenn frå 1800-talet Kategori:Norske juristar Kategori:Fylkesmenn i Sør-Trøndelag