Ruth Underwood () er ein tidlegare profesjonell musikar, mest kjend for å ha spelt xylofon, marimba, vibrafon og andre perkusjonsinstrument med Frank Zappa and the Mothers of Invention frå 1967 til 1977.
Biografi Underwood fekk musikkopplæring innan klassisk musikk og studerte både ved Ithaca College under Warren Benson og under Saul Goodman ved Juilliard. I 1967 var ho ofte publikum ved the Garrick Theater i New York City då Frank Zappa and The Mothers of Invention byrja å spele der som fast band. Dette førte til at ho vart kjend med Zappa i desember 1967.
Med både fødenamnet hennar, Ruth Komanoff og scenenamnet hennar, Underwood, spelte ho òg trommer med rockegruppa The Hamilton Face Band i 1969, og var med på somme av innspelingane deira for Philips Records og Bell Records. Ho gifta seg med Zappa-musikaren Ian Underwood i mai 1969. Dei skilde seg i 1986.
Underwood spelte på over tjue Zappa og Mothers-plater. Ein kan mellom anna høyre den virtuose spelestilen hennar på «Rollo Interior interlude» frå «St. Alfonzo's Pancake Breakfast» frå Apostrophe (') (1974). Anna imponerande speling er dokumentert på Roxy & Elsewhere (1974) og på «Inca Roads», opninga på One Size Fits All (1975). Somme glimt av Underwood er mogeleg å sjå i Zappa-filmen 200 Motels (1971), A Token Of Hes Extreme (1974) og Roxy the Movie (1973: utgitt på DVD i 2015).
I 1970-åra spelte Underwood for fleire andre musikarar, som Ambrosia, Jasun Martz og jazz-klaverspelaren George Duke, som òg var medlem i bandet til Zappa. Ho trekte seg attende frå musikkindustrien kring 1980, og fokuserte i staden på barna sine, som begge har blitt dugande klassiske musikarar. I eit intervju frå 1993 fortalte ho at ho spelte på den siste innspelinga til Zappa, kort tid før han døydde av kreft i desember det året.
Filmar 200 Motels A Token of Hes Extreme The Dub Room Special The Amazing Mr. Bickford Video From Hell The True Story of Frank Zappa's 200 Motels Roxy the Move
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ruth Underwood» frå , den 5. juni 2014. oppgav desse kjeldene:
Kategori:USA-amerikanske perkusjonistar Kategori:The Mothers of Invention-medlemmar Kategori:Marimbaspelarar