Kafr Takharim (arabisk كفر تخاريم, òg skrive Kafar Takhareem eller Kfar Takharam) er ein by nordvest i Syria i Idlib guvernement, nord for Idlib. Av stader i nærleiken finn ein Harem i nord, Salqin i nordvest, Abu Talha i vest og Armanaz i sør. Ifølgje Syrisk statistisk sentralbyrå, hadde Kafr Takharim eit folketal på 10 084 i 2004.Folketeljing 2004 . Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Idlib guvernement. Byen er òg det administrative senteret i Kafr Takharim nahiyah som består av ni landsbyar med eit samla folketal på 14 772. Innbyggjarane er hovudsakleg sunnimuslimar.Boulanger, 1966, s. 479.
Ibrahim Hananu, ein syrisk nasjonalist som leia den antifranske motstandsrørsla i Aleppo-området i 1919, var fødd i Kafr Takharim. Byen, som Hananu hadde representert i Den syriske nasjonalkongressen, tente som base for opprøret hans.Gelvin, 1999, s. 133–134. I 1958 vart kommunestyret i Kafr Takharim erstatta av eit kommunestyre som vart utpeikt av regjeringa.Daily Report: Foreign Radio Broadcasts, Issues 191–195. United States: Foreign Broadcast Service, 1958.
Kafr Takharim har vore åstad for demonstrasjonar mot regjeringa og opplevd vald under den syriske borgarkrigen mot styret til Bashar al-Assad. 1. august 2011 rapporterte aktivistar frå opposisjonen at over 175 menneske i byen vart arresterte og offentleg banka opp før dei vart sende i fengsel av tryggingsstyrkane og regjeringsmilitsen.Assad warns against foreign intervention. Al Jazeera English. 2011-08-01. Frå februar 2012 har Kafr Takharim vore kontrollert av Den frie syriske armeen (FSA).Reese, Tim. Few options for West i Syria crisis. The Sacramento Bee. 2012-02-28. Den 1. oktober 2012 vart tre opprørarar drepne i Kafr Takharim under kampar mot den syriske hæren.Syria air strike kills 21 in Idlib: watchdog. Agence France Press. 2012-11-01.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Kafr Takharim» frå , den 12. juni 2014. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Busetnader i Harem-distriktet Kategori:Byar i Syria