«S'il vous plaît» er ein norsk song skriven av Sven Lange (melodi) og Per Lillo-Stenberg (tekst). Han var eit av bidraga til Melodi Grand Prix 1961, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 1961 i Cannes i Frankrike, og vart framført av Svein Nilsen og Per Asplin.
Eurovision Melodi Grand Prix 1961 «S'il vous plaît» deltok i Melodi Grand Prix 1961, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 1961 i Cannes i Frankrike. Songen vart framført på norsk av Svein Nilsen med eit lite orkester, og så på nytt av Per Asplin med eit stort orkester. Bidraget enda på tredjeplass med 59 poeng. Dette er det fyrste bidraget som vart framført på fransk i Melodi Grand Prix.
Innspelingar Per Asplin med Kringkastingsorkestret under leiing av Øivind Bergh. Arr.: Egil Monn-Iversen. Gjeven ut på singelen Triola TN 236 og på EP-plata Triola TNEP 1063 i 1961. deLillos. Gjeven ut på singelen Sonet T-9620 i 1987. Tekstforfattaren Per Lillo-Stenberg var faren til Lars Lillo-Stenberg i gruppa.
Listeplassering Versjonen til deLillos låg på VG-lista i ei veke i 1987 med ein tiandeplass som beste plassering.deLillos VG-lista
Fotnotar
Kategori:Singlar frå 1961 Kategori:Norskspråklege songar Kategori:Fleirspråklege songar Kategori:Melodi Grand Prix 1961-songar Kategori:Norskspråklege Melodi Grand Prix-songar Kategori:Franskspråklege Melodi Grand Prix-songar Kategori:Fleirspråklege Melodi Grand Prix-songar Kategori:Per Asplin-songar Kategori:Svein Nilsen-songar Kategori:Songar skrivne av Sven Lange Kategori:Songar skrivne av Per Lillo-Stenberg