Sarmin (arabisk سرمين) er ein by nordvest i Syria i Idlib guvernement, 15 kilometer søraust for Idlib. Han ligg kring 390 meter over havet. Av stader i nærleiken finn ein Binnish i nord, Talhiyah i nordaust, Iffis i aust, Saraqib i søraust og al-Nayrab i sør. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS), hadde Sarmin eit folketal på 14 530 i 2004. Han er den einaste staden i Sarmin nahiyah («underdistrikt»).Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Idlib guvernement. Innbyggjarane er hovudsakleg sunnimuslimar.Oweis, Khaled Yacoub. Syrian opposition won't talk to officials linked to crackdown . Reuters. 2013-02-15.

Historie

Mellomalderen Sarmin var åstad for eit stort slag mellom krossfararane og seldsjukk-tyrkarane. På 1200-talet vart byen hylla, men var liten, og innbyggjarane var ismailittar, i følgje Yaqut al-Hamawi.le Strange, 1890, s. 532 Ajjubide-herskaren i Hama og den lærde Abu'l-Fida skildra Sarmin som ein my med mykje land og område med særs fruktbar jord. Byen hadde ingen bymuyrar, og ein Jami-moské. I 1355 vart Sarmin vitja av Ibn Batutah, som skreiv om dei mange trea, hovudsakleg oliven, som voks der. Det vart laga såpe og såpa vart eksportert til Damaskus og Kairo. I tillegg vart ei parfyrmert såpe, farga raud og gul, laga. Det vart òg laga bomullsprodukt. På denne tida var det ein fin moské i Sarmin med ni kuplar.

Den syriske borgarkrigen Han vart bomba under den syriske borgarkrigen og ein av moskéane vart hardt skadd.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Sarmin» frå , den 15. juni 2014. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Busetnader i Idlib-distriktet Kategori:Byar i Syria