MF «Skånevik» er ei bilferje levert frå Ulstein mek. Verksted i Ulsteinvik i juni 1967 til Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD).
Skroget vart levert frå Molde Verft A/S i Hatlestrand.
Ferja gjekk i rute i Sunnhordland fram til 2001. I 2002-2004 låg ho i opplag og vart nytta som reserveferje. 21. februar 2005 vart ferja selt til Stiftinga Brørvikskuto (Arne Laastad) i Bergen og same året selt vidare til Ferjelaget Skånevik. Ferja vart freda 2. august 2006 av Riksantikvaren då ein ynskte å bevare ei bilferje av stål fra tida etter andre verdskrigen for ettertida. Fredninga omfatter derfor heile fartøyet med fast inventar og utstyr. Ferja er framleis i drift som veteranskip.
Ruter mini|venstre|MF «Skånevik» ved kai i Fjærland Foto: C. Hill, 2011 Kinsarvik-Utne-Kvanndal 1967 (sommer); 1974; 2000 (sommer) Skånevik-Matre-Utåker: ? - ?; mars 1999 - juni 2000 Halhjem-Våge-Bruntveit: 1971 - 1974; 1975 (sommer) Fjelbergruta Turistruta Hella-Balestrand-Fjærland: Sommaren 2010
Kjelder Skipet.no Skånevik på Fjordfähren (tysk)
Bakgrunnsstoff «Skånevik» på marinetraffic.com MF Skånevik i Fjelbergruta i august 1986 - youtube Veteranbåten M/F Skånevik - nrk.no
Kategori:Norske ferjer Kategori:Båtar frå Møre og Romsdal Kategori:HSD-eigde fartøy Kategori:Skip frå 1967 Kategori:Skip bygde ved Ulstein mek. Verksted Kategori:1967 i Noreg Kategori:Freda fartøy Kategori:Kulturminne i Bergen Kategori:Verneverdige fartøy