Ruderhofspitze er ein 3 474 meter over havet høg fjelltopp i Stubaialpane, i forbundslandet Tirol i Austerrike. Fjelltoppen høyrer til fjellområdet «Alpeiner Berge». Med si store høgde og framifrå utsikt er Ruderhofspitze ein av dei mest besøkte fjelltoppane i Stubaialpane.
Dei fyrste menneska på toppen kom opp den 30. august 1864. Karl Baedeker den yngre og Anton von Ruthner hadde då fylgje med fjellføraren Alois Tanzer.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ruderhofspitze» frå , den 28. juli 2014.
Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Austerrike Kategori:Tirol