Schlieferspitze er eit 3 290 meter over havet høgt fjell i Venediger-massivet i Hohe Tauern i Alpane, i forbundslandet Salzburg i Austerrike. Fjelltoppen, som er den høgste på den såkalla Krimmlerkammen, vert i litteraturen skildra som ein av dei vakraste toppane i Venediger-massivet. Frå toppen av Schlieferspitze strekker seg i fleire retningar ut opptil to kilometer lange egger.

Fjelltoppen vart nådd fyrste gongen den 22. august 1871 av ein geografiprofessor i Graz, Eduard Richter og ein kjøpmann i Praha, Johann Stüdl, den siste var elles ein av grunleggjarane av Deutschen Alpenverein.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Schlieferspitze» frå , den 31. juli 2014.

Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Austerrike