Marie Amalie Landmark () var ein norsk husstellærar og kokebokforfattar.

Landmark er mest kjend for utgjevinga Kokebok for land og by som kom ut i mange opplag fram til 1932 og selte i over 100 000 eksemplar.Landmark 1984, side Vengen 2006, side 8Notaker, 2009 Denne boka innheld ikkje berre oppskrifter på mat og råd om kosthald, men er av stor verdi kulturhistorisk av di ho gir eit godt bilete av skikkar og levemåtar i ei bygd på Vestlandet rundt førre hundreårsskiftet.

Landmark skipa og drifta ein husstellsskule i Fjaler i 1883-1893, var omreisande lærar i husstell i regi av Nordre Bergenhus Amts Landhusholdningsselskab i perioden 1893-1897, og var mellom anna medarbeidar i bondekvinnebladet Husmoderen : Tidsskrift for Hus og Hjem.

Marie Amalie Landmark vaks opp på Tysse i Fjaler kommune i Sunnfjord og vart buande der heile livet.

Bibliografi Bøker

Kjelder

Referansar

Bakgrunnsstoff Om Marie Amalie Landmark i Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane

Kategori:Norske matskribentar Kategori:Norske pedagogar Kategori:Forfattarar frå Fjaler Kategori:Kvinner frå Sogn og Fjordane Kategori:Norske sakprosaforfattarar