Stillwellitt er eit sjeldan mineral. Det er eit trigonalt borosilikat av lantanoidar og kalsium (Ce,La,Ca)BSiO5.

Det vart først skildra i 1955 etter ein førekomst ved typelokaliteten i Mary Kathleen-gruva, 55 km aust for Mount Isa i Queensland i Australia. Det vart kalla opp etter den australske mineralogen Frank Leslie Stillwell (1888-1963).

Det er funne i nefelinsyenittpegmatitt ved Langesundsfjorden.

Kjelder Stillwellitt. (15. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/stillwellitt.

kategori:Nesosilikat kategori:Lantanidmineral