Torkell Tønnesson Mauland () var ein lærar, folkeminnesamlar og historikar frå Time i Rogaland.

Liv og virke Torkell Mauland var odelsgut til garden Mauland. 14 år gammal gjekk han i lærarskule hos Velle Vellesen og var deretter lærar i heimbygda i tre år. Arne Garborg var ein av elevane hans. Mauland gjekk på Holt seminar 1867-69 og arbeidde sidan som lærar i Høyland, i Stavanger og frå 1875 til -91 var han styrar ved amtsskulen i Ryfylke. Han var så lærar ved Klæbu seminar eitt år, deretter lærar i Aure 1892-97 og til sist i Kristiania.

Frå 1913 vigde han seg til innsamling av folkeminne og skriving av historiske artiklar og verk. Mauland fekk årlege statsstipend frå 1914. Han arbeidde mykje i Riksarkivet med kjelder frå Rogaland. Allereie i 1911 gav han ut boka Trolldom, om hekseprosessar i fylket. Han skreiv om lensmenn og prestar og noko slektshistorie; mellom anna om Garborg-ætta, prenta i Syn og Segn 1911. Etter han døydde vart tre band folkeminne frå Ryfylke utgitt av Norsk Folkeminnelag: Folkeminne fraa Rogaland I-III (1928–35). Han omsette òg Frederick Marryat til norsk.

Mauland var vararepresentant til Stortinget for Venstre 1886-88.

Han var styremedlem for Det Norske Samlaget 1906-16 og deltok aktivt som kyrkjesongar ved dei nynorske gudstenestene i hovudstaden 1903-21. For Samlaget gjekk han saman med Alexander Seippel gjennom bibelomsetjinga. Samlaget utnemnde han til heiderslagsmann i 1918.

Mauland døydde i Asker i 1923, der han hadde budd sidan 1912.

Ettermæle Rogaland Historielag avduka ei byste av Mauland, utforma av Erik Haugland, på Bryne i Time i 1948.

Kjelder

Norsk Allkunnebok. VIII. Bandet. 1958 Denne artikkelen bygger på «Torkell Mauland» frå , den 21. august 2014.

Kategori:Norske historikarar Kategori:Statsstipendiatar Kategori:Norske folkeminnesamlarar Kategori:Folk frå Time