Harald Meltzer () var ein embetsmann og forfattar frå Bergen. Frederik Meltzer var far hans.

Meltzer var embetsmann i departement og i politietaten i Christiania. Gjennom sine år i politiet i hovudstaden opplevde han mange ulike tilburdar. Desse var grunnlaget for verket Smaabilleder af Folkelivet som kom ut i to små band same året som han døydde av tyfus. Dei humoristiske folkelivsskildringane er forma i ein stil som minner om Peter Christen Asbjørnsen «og må enno reknast som levande litteratur». Af H. Meltzer efterladte Papirer kom ut i 1873.

Kjelder Norsk Allkunnebok. VIII. Bandet. 1958 Norsk Biografisk leksikon

Kategori:Norske forfattarar Kategori:Norske juristar Kategori:Folk frå Bergen