«A Token of My Extreme» er ein song av Frank Zappa frå 1979 på konseptalbumet Joe's Garage [Part II]. Hovudrolla frå denne rockeoperaen i tre delar har blitt forvirra av Lucille og «gjer endeleg noko smart» og «gjev ein haug pengar til L. Ron Hoover og the First Church of Appliantology».
Plot Appliantology syner seg å vere ein hyklersk religion, som samarbeider med eit «vondskapsfullt, totalitært regime». Dette er ein referanse til scientologi og grunnleggjaren L. Ron Hubbard. Joe er no i tvil om han er riktig klok og spør den musikalske rådgjearen sin L. Ron Hoover kva problemet hans er, og vert fortalt at han er «a latent appliance-fetishist.» Joe spør om å det er på tide å «å kome ut av skapet», og vert beden om «å gå inn i skapet». Der kan han ha det mykje moro med maskinane sine.
Songen er basert på eit anna stykke kalla «Tush Tush Tush» frå 1973.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «A Token of My Extreme» frå , den 21. august 2014. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1979 Kategori:Religionskritiske songar Kategori:Frank Zappa-songar Kategori:Scientologi i popkulturen Kategori:Songar skrivne av Frank Zappa