Boulez Conducts Zappa: The Perfect Stranger er eit album frå 1984 med musikk av Frank Zappa, delvis dirigert av Pierre Boulez. Det vert òg berre kalla The Perfect Stranger. Albumet vart gjeve ut på vinyl i 1984 og på CD i 1985 av Angel, og så miksa på ny med ny rekkefølgje på spora og gjeve ut på CD av Barking Pumpkin i 1991.
Boulez dirigerer tre spor («The Perfect Stranger», «Naval Aviation in Art?» og «Dupree's Paradise»), innspelt ved IRCAM i Paris den 10. og 11. januar 1984, og framført av Boulez sitt Ensemble InterContemporain. Tittesporet vart bestilt av Boulez og inneheld referansar til Zappa-filmen 200 Motels frå 1971. Dei andre fire spora er tilskriven 'The Barking Pumpkin Digital Gratification Consort'— som i røynda er Zappa på Synclavier. «Outside Now Again» er ei Synclavier-framføring basert på ein transkripsjon av Zappa sin gitarsolo i «Outside Now» frå Joe's Garage frå 1979.
Innhald
Medverkande
Pierre-Laurent Aimard – Piano Guy Arnaud – Bassklarinett Lawrence Beauregard – Flute Pierre Boulez – Dirigent Daniel Ciampolini – Perkusjon Antoine Curé – Trompet Ensemble InterContemporain – orkester Péter Eötvös – Musikalsk leiar Jacques Ghestem – Fiolin Don Hunstein – Fotografi Marie-Claire Jamet – Harpe London Symphony Orchestra John Matousek – Mastering Paul Meyer – Klarinett Jerôme Naulais – Trombone David Ocker – Programmering Bob Stone – Remiksing Frank Zappa – Synclavier, produsent
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Boulez Conducts Zappa: The Perfect Stranger» frå , den 22. august 2014. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Albuminformasjon
Kategori:Musikkalbum frå 1984 Kategori:Frank Zappa-album Kategori:EMI Records-album