Algol (Beta Per, β Persei, β Per), på folkemunne kalla Demonstjerna, er ei lys stjerne i stjernebiletet Persevs. Ho er ei av dei mest kjende formørkingsvariable dobbeltstjernene, den første stjerna av denne typen som vart oppdaga. Ho var òg den første (ikkje-nova) variable stjerna som vart oppdaga. Algol er i røynda ei trippelstjerne (Beta Persei A, B og C) der den store og lyse primærstjerna Beta Persei A vert regelmessig formørka av den mindre lyse Beta Persei B. Den tilsynelatande storleiken er vanlegvis nær konstant på 2,1, men går ned til 3,4 med ein periode på 2 dagar, 20 timar og 49 minuttar under ein 10 timar lang delvis formørking.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Stjerna Algol» frå , den 30. august 2014. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Algol-variabel Kategori:Arabiske ord og uttrykk Persei, Beta Kategori:Hovudseriestjerner klasse B Persei, 26 019356 014576 Kategori:Subkjemper klasse K Kategori:Persevs Kategori:Stjerner med eigennamn Kategori:Objekt mindre enn 100 lysår frå jorda