Alkyone (η Tau, η Tauri, Eta Tauri) er eit stjernesystem i stjernebiletet Tyren. Ho er den klåraste stjerna i Pleiadane, som er ei ung open stjernehop, mindre enn 50 millionar år gammal. Alkyone ligg kring 400 lysår frå jorda.
Hovudstjerna, Alkyone A, er ei blåkvit kjempe klasse B som liknar på mange andre klasse B-stjerner i Pleiadane. Ho har ein tilsynelatande storleik på +2,87 (absolutt storleiksklasse = −2,39), og ein radius som er neten 10 gonger så stor som sola. Temperaturen er kring 13 000 K som gjev ein luminositet som er 2400 gonger lysstyrken til sola
Alkyone er ei formørkande dobbelstjerne, og dei to stjernene har ein avstand på 0,031 bogesekund, eller omtrent avstanden frå sola til Jupiter.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Jim Kaler's Stars, University of Illinois:ALCYONE (Eta Tauri) Alkyone and the Pleiadane
Tauri, Eta Kategori:Tyren Kategori:Kjempestjerner klasse B Kategori:Hovudseriestjerner klasse A Kategori:Hovudseriestjerner klasse F Kategori:Formørkande dobbeltstjerner 5 Kategori:Pleiadane Kategori:Stjerner med eigennamn Kategori:Objekt mindre enn 1000 lysår frå jorda