Mihaela Peneș () var ein rumensk friidrettsutøvar frå București som vart olympisk meister i spydkast i 1964 i Tokyo.

Aktiv Storvaksne Peneș var berre 17 år gammal då ho under sommarleikane i Tokyo i 1964 vann gullmedaljen i spydkast-tevlinga for kvinner. I fyrste finaleomgang slengde ho spydet 60,54 meter, og vann framom Márta Antal frå Ungarn og Jelena Gortsjakova frå Sovjetunionen, sistnemnde hadde sett ny verdsrekord i forsøket med 62,40 meter. Året etter vann Peneș spydkast-tevlinga i universiaden i Budapest.

Peneș var tilbake i Budapest i 1966, der ho deltok i europameisterskapen. Her oppnådde ho 56,94 m og tok sølvmedaljen, gullet gjekk til Marion Lüttge frå Aust-Tyskland med 58,74 m.

21 år gamle Peneș opna OL-finalen i Mexico-byen i 1968 med å ta leiinga ved å kaste 59,92 i sitt fyrste forsøk. I andre omgang presterte Angéla Németh frå Ungarn 60,36 meter, ein prestasjon som gjorde at ho vann gullmedaljen, med Mihaela Peneș og austerrikske Eva Janko på dei andre medaljeplassane.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Mihaela Peneș» frå , den 31. august 2014.

World Athletics

Kategori:Rumenske spydkastarar Kategori:Olympiske meistrar for Romania Kategori:Olympiske meistrar i spydkast Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Romania Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1964 Kategori:Rumenske deltakarar under sommar-OL 1964 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1964 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1968 Kategori:Rumenske deltakarar under sommar-OL 1968 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1968