Cynthia Ann Stephanie «Cyndi» Lauper () er ein amerikansk songar, tekstforfattar, skodespelar og LHBT-aktivist.http://www.truecolorsfund.org Debutalbumet hennar som soloartist, She's So Unusual frå 1983 vart ein umiddelbar kommersiell suksess. Albumet var det første kvinnelege debutalbumet som gav fire singlar som nådde topp 5 på Billboard Hot 100—«Girls Just Want to Have Fun», «Time After Time», «She Bop» og «All Through the Night», noko som gav Lauper Grammyprisen for årets nykommar i 1985. Suksessen hennar heldt fram med filmmusikken til filmen The Goonies og den andre plata hennar, True Colors (1986), med hitten med same namn, og «Change of Heart», som nådde tredjeplassen og gav Lauper to nominasjonar til Grammyprisen i 1987.

Sidan 1989 har Lauper gjeve ut ni studioalbum og delteke i mange andre prosjekt. Det nyaste albumet hennar, Memphis Blues låg 13 veker på rad på førsteplassen på bluesalbumlista i USA. I 2011 gav Lauper ut ein bestseljande sjølvbiografi som tok for seg kampen hennar med barnemishandling og depresjon.

I 2013 skreiv Lauper ferdig musikk og tekst til Broadway-musikalen Kinky Boots, som gav ho Tonyprisen 2013 for beste musikal. I 2013 vart ho den første artisen på 25 år som toppa dancelista i USA med ein Broadway-singel. I 2014 fekk Lauper Grammyprisen for beste musikalalbum for Kinky Boots

I løpet av karrieren har Lauper gjeve ut over 40 singlar og seld meir enn 80 millionar album verda over. Ho vann den første «Beste kvinnelge video» under Video Music Awards i 1984 og er utstilt i Rock and Roll Hall of Fame Museum-utstillinga kalla Women Who Rock, som illustrerer den viktige rolla kvinner har hatt i rockehistoria. Lauper har vunne prisar frå Grammy, Emmy, Tony, MTV VMA, Billboard og AMA. I 1999 rangerte VH1 Lauper på 58. plassen på lista deira over dei 100 største kvinnene i rock and roll. Lauper er ein av berre tjue artistar som har fått «GET»-status ved å vinne Grammy-, Emmy- og Tonyprisar.

Lauper har blitt lovprisa for det humanitære arbeidet sitt dei siste 30 åra, særleg når deg gjeld kampen for rettar for homofile og transpersonar i USA. Arbeidet hennar vart anerkjend i 2013, då ho vart invitert som spesiell gjest ved den innsetjingssermonien til president Barack Obama.

Diskografi She's So Unusual (1983) True Colors (1986) A Night to Remember (1989) Hat Full of Stars (1993) Sisters of Avalon (1996) Merry Christmas... Have a Nice Life (1998) At Last (2003) Shine (2004) Bring Ya to the Brink (2008) Memphis Blues (2010)

Filmar + Teater, fjernsyn og filmTeater År Tittel Rolle Merknad2000Matters of the HeartSeg sjølvBroadwaykonsert 2006The Threepenny Opera Jenny (Ginny Jenny/Low-Dive Jenny)Broadwaymusikal2013Kinky BootsBroadwaymusikal (komponist)Fjernsyn År Tittel Rolle Merknad1990Mother Goose Rock 'n' RhymeMary (Had a Little Lamb)FjernsynsfilmThe Wall – Live in BerlinYoung PinkFjernsynsfilm1993–1999Mad About YouMarianne Lugasso4 episodar1999Happily Ever After: Fairy Tales for Every ChildPidge (stemme)1 episode: «The Happy Prince»The SimpsonsSeg sjølv (stemme)1 episode: «Wild Barts Can't Be Broken»The Happy PrincePidgeFjernsynsfilm2004Higglytown HeroesOperatørhelt (stemme)1 episode: «Smooth Operator/Stinky Situation»2005That's So RavenMs. Petuto1 episode: «Art Breaker»Queer as FolkSet sjølv1 episode: «I Love You»2007The Backyardigans1 episode: «International Super Spy»2008Kathy Griffin: My Life on the D-ListSeg sjølv1 episode: «Fly the Super Gay Skies»Gossip GirlSeg sjølv1 episode: «Bonfire of the Vanity»200930 Rock Seg sjølv1 episode: «Kidney Now!»The Apprentice: The Celebrity Apprentice 3Seg sjølv/DeltakarSesong 32009 2012 2013BonesAvalon Harmonia«Harbingers in a Fountain» (2009) «The Ghost in the Machine» (2012) «The Woman in White» (2013)2012Bob's BurgersStemme1 episode: «The Belchies»Happily DivorcedKiki1 episode: «Follow the Leader»2013Cyndi Lauper: Still So UnusualSeg sjølv12 episodar (produsent)2014Front and CenterSeg sjølv1 episodeFilm År Tittel Rolle Merknad 1984 Prime Cuts Seg sjølv Cameo 1985 Girls Just Want to Have Fun Woman in Diner Ikkje oppført 1988 Vibes Sylvia Pickel 1991 Off and Running Cyd Morse 1993 Life with Mikey Geena Briganti 1994 Mrs. Parker and the Vicious Circle Piknikkgjest Ikkje oppført 1996 Sesame Street Elmocize Twyla Cameo2000 The Opportunists Sally Mahon Christmas Dream Cameo 2005 The Naked Brothers Band: The Movie Seg sjølv Cameo 2009 Here and There Rose 2011 Dirty Movie Little Johnny's Mom 2014 Henry & Me Nurse Cyndi (stemme) Postproduksjon

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Cyndi Lauper» frå , den 1. september 2014. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

«Cyndi Lauper» the song, by Mat Shearer Cyndi Lauper Fansite Paul Burston, «Cyndi Lauper is Back, and the Girl still wants to Have Fun» (interview), The Times, August 2, 2008

NYTimes-reportasje frå 2010

Kategori:Musikarar frå New York City Kategori:USA-amerikanske dansemusikarar Kategori:USA-amerikanske popsongarar Kategori:USA-amerikanske rockesongarar Kategori:USA-amerikanske låtskrivarar Kategori:USA-amerikanske skodespelarar Kategori:USA-amerikanske house-musikarar Kategori:Grammy-vinnarar Kategori:Emmy-vinnarar Kategori:Tony Award-vinnarar Kategori:Folk frå Queens