Jesper Tørring () er ein dansk tidlegare friidrettsutøvar frå Randers som vart europameister i høgdehopp i 1974. I tillegg til høgdehopp tevla han jamt i øvingar som lengdehopp og 110 meter hekk.

Aktiv Tørring deltok i lengdehopp under friidretts-EM 1969 i Aten, og vart nummer tolv med 7,41 m. I 1971 sette han dansk rekord i lengde med 7,80 m, men stoppa på 7,52 m i kvalfiseringa i EM i friidrett 1971 i Helsingfors. Han stilte også i 110 m hekk i meisterskapen, og vart slått ut i forsøksløpet. Betre gjekk det ikkje i München under sommar-OL 1972, også då rauk han ut innleiingsvis både på korthekken og i lengdehopp. I OL-året vann han elles sin fyrste nasjonale tittel i høgdehopp.

Under europameisterskapen i Roma i 1974 klarde fem utøvarar å kome over 2,19 m, men berre to av desse, Kęstutis Šapka frå Sovjetunionen og Tørring lukkast å ta seg over 2,21 m. Begge klarde høgda i første forsøk, det same gjentok seg på 2,23 m. På 2,25 m svinga begge seg over i andre forsøk. Ettersom ingen av dei klarde 2,27 m, vart det avgjerande for gullkampen at Šapka måtte ha to forsøk på 2,19 m. Tørring fekk dermed gullmedaljen sidan han tok 2,19 m i fyrste forsøk.

I 1976 deltok Tørring i høgdetevlinga under olympiaden i Montreal, og vart nummer åtte på 2,18 m.

Tørring var dansk meister i lengdehopp kvart år frå 1967 til 1977 og i høgdehopp 1972-73 og 1975-80, samt meister på 110 meter hekk i 1971 og 1973-77.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1969 i Aten: Nr 12 i lengdehopp – 7,41 m EM 1971 i Helsingfors: Utslått i kvalifiseringa i lengde (7,52 m) og 110 m hekk (14,7) OL 1972 i München: Utslått i kvalifiseringa i lengde (dødt) og 110 m hekk (14,5) EM 1974 i Roma: Gullmedalje – 2,25 m, framom Kestutis Sapka (2,25 m) OL 1976 i Montreal: Nr 8 – 2,18 m

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Jesper Tørring» frå , den 1. september 2014.

Bakgrunnsstoff World Athletics

Kategori:Danske hekkeløparar Kategori:Høgdehopparar Kategori:Danske lengdehopparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Danmark Kategori:Danske deltakarar under sommar-OL 1972 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1972 Kategori:Danske deltakarar under sommar-OL 1976 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1976 Kategori:Folk frå Randers