Karl Honz () er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar som vart europameister på 400 meter for Vest-Tyskland i 1974.
Aktiv Honz sette personleg rekord på 200 m med 20,8 i 1971. Same sesongen deltok han for Vest-Tyskland i europameisterskapen i Helsingfors, men med tida 21,5 vart han slått ut i forsøksløpet.
Året etter valde Honz å satse på 400 meter. I den vesttyske meisterskapen i München i slutten av juli månad 1972 sette han europarekord med tida 44,70, det nest beste 400 m-løpet i verda den sesongen. Han hadde ingen vanskar med å nå finalen på distansen under sommarleikane på same stadion vel ein månad etter, men i finalen sprang han ikkje opp mot sitt beste og vart nummer sju med 45,68. I 4x400 meter stafett kom Honz i mål til fjerdeplass for Vest-Tyskland på tida 3.00,8.
Honz opplevde sin store triumf under friidretts-EM 1974 i Roma. På den individuelle 400-meteren var han heilt suveren og vann gullmedaljen på tida 45,04, framom David Jenkins frå Storbritannia og med sin eigen landsmann Bernd Herrmann på tredjeplass. På avslutningsdistansen i meisterskapen tok han sølv på 4x400 meter stafett for Vest-Tyskland, saman med Hermann Köhler, Horst-Rüdiger Schlöske og ankermann Rolf Ziegler, to tidels sekund bakom vinnarlaget frå Storbritannia.
Honz vart vesttysk meister på 400 m både i 1972 og 1973.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1971 i Helsingfors: Utslått i forsøket OL 1972 i München: Nr 7 på 400 m – 45,68 EM 1974 i Roma: Gullmedalje 400 m – 45,04, framom David Jenkins (45,67). Sølvmedalje i 4x400 m stafett – 3.03,5.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Karl Honz» frå , den 2. september 2014.
World Athletics
Kategori:Tyske sprintarar Kategori:Europameistrar i friidrett for Vest-Tyskland Kategori:Vesttyske deltakarar under sommar-OL 1972 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1972 Kategori:Vesttyske deltakarar under sommar-OL 1976 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1976