mini|Valborgsmessebål på Skansen i Sverige.
Bål (av norrønt bál) er ein haug av brennbart materiale, typisk ved, som kan setjast eller er sett i eld. Ein kan tenna bål for ulike praktiske og symbolske føremål, som å gje lys og varme, tilreia mat, feira ei høgtid eller brenna noko.
Bålbrenning i Noreg
I Noreg er bålbrenning gjerne ein del av ritualet rundt midtsommarfesten, ei kristen høgtid til minne om døyparen Johannes som også har heidenske røter. Sankthans er 24. juni, medan sankthansaftan med bålbrenning blir feira 23. juni.
I tidsrommet 15. april–15. september er det forbode å gjera opp eld i eller nær skogmark utan løyve frå kommunen.Forskrift 26.06.2002 nr. 847 om brannforebyggende tiltak og tilsyn § 8-2 Kommunestyret sjølv kan fravika dette gjennom lokal forskrift dersom lokale forhold tilseier det.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Bål» frå , den 7. september 2014.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Friluftsliv Kategori:Eld Kategori:Ord frå norrønt