Tatjana Vasiljevna Kazankina () er ein sovjet-russisk tidlegare mellomdistanseløpar frå Petrovsk i Saratov oblast som tevla for Sovjetunionen. Ho vann tre OL-gull og sette sju verdsrekordar i tida 1976-83.

Aktiv Kazankina vart nummer fire på 1500 m i friidretts-EM 1974 i Roma, sju tidels sekund bakom bronsevinnar Grete Andersen frå Noreg.

Ein måned før sommar-OL 1976 i Montreal vart Kazankina den fyrste kvinna som sprang 1500 meter under fire minuttar, med tida 3.56,0 slo ho Ljudmila Braginas gamle verdsrekord med heile 5,4 sekundar. Under leikane i Montreal vann ho gullmedaljen på 800 meter på ny verdsrekordtid, ho sigra også på 1500 meter.

Under dei olympiske leikane 1980 i Moskva forbetra ho 1500-meterrekorden til 3.52,47, då ho forsvarte OL-tittelen på distansen. Denne verdsrekorden vart ståande i tretten år, og er i 2014 framleis gjeldande europarekord.

I 1983 var Kazankina med i innspurten på 3 000 meter i det fyrste friidretts-VM i Helsingfors. Ho kom i mål som bronsevinnar, eit halvt sekund bak verdsmeister Mary Decker frå USA og einast to hundredels sekund etter sølvvinnar Brigitte Kraus frå Vest-Tyskland.

Doping Kazankina nekta å avlegge dopingprøve etter at ho hadde vunne eit 5 000-meterløp i Paris i september 1984. Dermed vart ho utestengd frå idrett i 18 månader og kom aldri tilbake på friidrettsbana.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Tatjana Wassiljewna Kasankina» frå , den 9. september 2014.

World Athletics

Kategori:Sovjetiske mellomdistanseløparar Kategori:Olympiske meistrar for Sovjetunionen Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1976 Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1976 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1976 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1980 Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1980 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1980