Beerot (hebraisk בארות) var ein bibelsk by som låg 12 km nordvest for Jerusalem. Byen var ein hevittisk busetnad og er nemnd i Josva 9:17, 18:25, Andre Samuelsbok 4:2-3, Esra 2:25 og Nehemja 7:29. Ein annan by kalla Beerot er nemnt i Femte Mosebok 10:6.
Fordi det ikkje finst nokre kjende ruinar frå Beerot er plasseringa av byen omstridd. Dei fleste kjendene er tekstar frå Bibelen, Onomastikon av Eusebius av Cæsarea,Onomastikon of Eusebius merknadane til denne teksten av Hieronymus, og MadabakartetMadaba Map , christusrex.org Avstandane Eusebius gjev plasserer Beerot ein stad mellom dagens Biddu og Nebi Samwil.
Byen var ein del av området til hevittane. Han var tilsynelatande styrt frå Gibeon, «ein kongeleg by», som søkte fred etter hebrearane øydela Jeriko og Ai, slik det var skildra i Josva 9. Seinare vart mykje av dette området som først vart teken (inkludert Beerot) gjeven til Benjamin som arv i Josva 18. Byen var så busett fram til det babylonske fangenskapet i 586 fvt., og folket i denne byen kom attende til området 70 år seinare slik det er nemnt i Esra og Nehemja. Om dei bygde opp att byen og budde der er ikkje nemnt i teksten.
Plasseringa av Beerot blei føreslått å vera dagens Al-Bireh av Edward Robinson på midten av 1800-talet. Seinare forskarar meiner staden låg ved Kh. el-Burj nær dagens Beit Iksa.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Beerot» frå , den 29. september 2014. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Tidlegare busetnader i Israel Kategori:Stader i Bibelen