Nahal Betzet (hebraisk נחל בצת, arabisk Wadi Karkara) er ei elv som tidlegare rann heile året og no berre renn nokre delar av året i Øvre Galilea i Israel.
Geografi mini|venstre|Keshetgrotta Elva kryssa grensa frå Libanon til Israel mellom Shtula og Zar'it, og flyt vestover, før ho munnar ut i Middelhavet sør for Rosh HaNikra. Elva renn langs ei forkastinggjennom dolomittstein og kalkstein, og får vatn langs leia frå fleire kjelder. I dag pumpar Mekorot (det nasjonale vasskompaniet) vatn frå kjeldene til elva, og har fått skulda for at elva stundom tørkar inn. Det er danna mange grotter langs breidda av elva, mellom anna Keshetgrotta.
Naturreservat Det meste av elva er ein del av eit naturreservat som har dette namnet. Reservatet vart oppretta i 1972 og delar av området strekkjer seg til grensa til Libanon.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Nahal Betzet» frå , den 30. september 2014. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Real Estate Developers and Environmentalists Clash Over Nahal Betzet Beach in Vest-Galilea Hike in Nahal Betzet
Kategori:Elvar i Israel Kategori:Elvar i Libanon Kategori:Naturreservat i Israel Kategori:Wadiar