Danelva (hebraisk דן Dan, arabisk: اللدان Leddan) er den største sideelva til Jordanelva. Kjelda hennar er ei rekkje kjelder som spring ut frå Tel Dan langs ei forkasting.
Elva har fått namn etter den israelske byen Dan, som vart erobra av Dan-stamma under domarperioden. Dan-stamma erobra byen, som då heitte Laish, og då busett av kanaanittar. Sjølv om Danelva berre er 20 km lang, gjev ho 238 millionar kubikkmeter vatn kvart år til Hulahdalen. I 1966 var dette årsaka til ein strid mellom israelarar som ønskte å utnytte vatnet og dei som ønskte å bevare det. Resultatet vart eit bevaringsprosjekt på kring 0,49 km² ved kjelda til elva kalla Tel Dan-reservatet.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Dan River (Middle East)» frå , den 30. september 2014. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Tel Dan , The Department for Jewish Zionist Education
Kategori:Jordanelva Kategori:Elvar i Bibelen Kategori:Elvar i Israel