mini|Abiod-dalen i Algerie. mini|Wadi Degla i Egypt i tørketida.

Wadi (arabisk وادي, wādī) er eit arabisk omgrep som tradisjonelt syner til ein dal. I somme tilfelle syner det til eit tørt elveleie der det berre etter kraftig regn renn ei elv, eller rett og slett ei elv som periodevis er tørrlagd.

Wadiar ligg i slake skråningar eller nesten flate delar av ørkenar. Dei byrjar typisk i dei lågaste delane av sedimentvifter og strekk seg til innlands-sabkhaer eller tørrlagde sjøar.

Det finst ofte busetnader ved wadiar ettersom dei kan gje tilgang til underjordisk vatn. Nomadiske og gjetande ørkenfolk kan dra nytte av plantar som sesongmessig veks i wadiar, til og med i område som er så tørre som Sahara.

Ordsoget Ordet wādī er svært vanleg i arabiske stadnamn,«wadi», Merriam-Webster som Wadi Ara, Wadi Musa og Wadi Rum. I nokre spanske stadnamn frå andalusisk arabisk har wādī blitt nytta om ei vanleg elv, til dømes Guadalcanal frå wādī al-Qanal, ‘elva til forfriskingsbuene’, Guadalajara frå wādī al-hidjārah, ‘elva med steinar’, Ayuntamiento de Guadalajara (PDF), Guadalajara tourist guide, s. 5. eller Guadalquivir frå al-wādī al-kabīr, ‘den store elva’. Sesongmessige elvar, som er hyppige i søraustlege Spania, blir i staden kalla for ramblas. «rambla», Merriam-Webster

Galleri

Sjå òg Ørkenasfalt Arroyo Canyon Coulee Kløft

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Wadi» frå , den 1. oktober 2014.

01 Kategori:Kløfter Kategori:Fluviale landformer Kategori:Dalar Kategori:Arabiske ord og uttrykk