Gilboafjellet (hebraisk הר הגלבוע, Har haGilboa) er ei fjellkjede oppom Jezreeldalen nord i Israel.
mini|venstre|Landskap på Gilboa
Historie I Bibelen leia kong Saul, den første israelske monarken, eit åtak mot filistrane på Gilboafjellet. Slaget endar med at kongen fell på sitt eige svert og Jonatan vert drepen i slaget. David, som kjem til staden etter slaget, forbannar fjellet: «De Gilboa-fjell, gjev det aldri må falla dogg eller regn på dykk, gjev markene aldri må bera førstegrøde! For der låg tilsølte krigarskjold, Sauls skjold var ikkje smurt med olje.» (2. Samuel 1:21)Panoramabilete av Gilboafjellet
Geografi Formasjonen strekkjer seg frå søraust til nordvest og grensar til høglandet på Vestbreidda og Beit She'an-dalen. Den grøne linja mellom Israel og Vestbreidda går sør og vest for ryggen.
Plante- og dyreliv mini|venstre|Gilboa iris Kvart år blømer Irus Ha-Gilboa, ein rosa iris, på fjellet. Det er oppretta to naturreservat på Gilboa. Irus Ha-Gilboa naturreservat i 1970, som dekkjer 7,28 km² og Aust-Gilboa-reservatet i 2005, som dekkjer 18,29 km².
Sjå òg Ma'ale Gilboa Meirav Gilboa regionale kommune
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Mount Gilboa» frå , den 4. oktober 2014. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Naturreservat i Israel Kategori:Fjell i Israel Kategori:Fjell i Bibelen