Marie-José Pérec () er ein fransk tidlegare friidrettsutøvar, fødd i Guadeloupe, som tevla i sprint og hekkeløp. Ho vann olympiske gullmedaljar på 400 meter i 1992 og på både 200 og 400 meter i 1996. To gongar vart ho verdsmeister på 400 meter, fyrst i 1991 og så i 1995. I 1994 tok ho EM-gull på 400 m og 4x400 m stafett.
Aktiv Pérec fekk sitt gjennombrot då ho i 1990 tok bronsemedaljen på 400 m ved europameisterskapen i Split. Med tida 50,84 sekundar splitta ho den austtyske trioen på distansen og tok bronsemedaljen. Året etter gjorde ho eit fenomenalt løp på 400 meter i VM i friidrett 1991 i Tokyo. Ho kom i mål til gullmedalje på tida 49,13, og viste førre års europameister, Grit Breuer frå Tyskland, til sølvplass, trass i sterke 49,42.
Under sommarleikane 1992 i Barcelona vart Pérec olympisk meister på 400 m med tida 48,83 sekundar, framom sovjetiske Olha Bryzhina som fekk notert 49,05. Året etter forbetra ho den franske rekorden på 200 meter til 21,99 sekundar. I 1994 vann ho EM-gull på 400 m og i 4x400 m stafett for Frankrike under meisterskapen i Helsingfors. Pérec vann sin andre VM-tittel på 400 m ved friidretts-VM 1995 i Göteborg. Same sesongen sette ho fransk rekord på 400 m hekk med gode 53,21 sekundar.
Pérec var i sitt livs form under dei olympiske leikane 1996 i Atlanta. Den 29. juli 1996 sette ho olympisk og fransk rekord på 400 meter med 48,25 sekundar, der Australias Cathy Freeman vart ein god nummer to med 48,63. Tre dagar seinare, den 1. august, vart Pérec dobbeltvinnar då ho med 22,12 vann gullmedaljen også på 200 m, Merlene Ottey frå Jamaica tok sølvmedaljen på 22,24 m.
Etter 1996 var ho mykje plaga med skadar.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Marie-José Pérec» frå , den 5. oktober 2014.
Bakgrunnsstoff World Athletics
Kategori:Franske sprintarar Kategori:Franske hekkeløparar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Frankrike Kategori:Europameistrar i friidrett for Frankrike Kategori:Olympiske meistrar for Frankrike Kategori:Franske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1988 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1992 Kategori:Franske deltakarar under sommar-OL 1992 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1996 Kategori:Franske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996 Kategori:Franske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000 Kategori:Folk frå Guadeloupe