Beit Nekofa (hebraisk בֵּית נְקוֹפָה) er ein moshav i Jerusalem distrikt i Israel i Mateh Yehuda regionale kommune. Beit Nekofa ligg i Jerusalemkorridoren, kring 10 km vest for sentrum av Jerusalem, like ved hovudveg 1 mellom Mevaseret Zion og Kiryat Ye'arim, sør for Kiryat Anavim.

Etymologi mini|venstre|Bronsestøyperi ved Beit Nekofa. Namnet på Beit Nekofa kan vere basert på ein gammal by, Nukveta (hebraisk נוּקְבְתָא) av Benjamin, nemnt i Talmud, der ætta til rabbi Judah haNasi skal ha kome frå. Nukveta kjem frå det hebraiske ordet , Nikba, eller tunnel.

Historie Beit Nekofa vart grunnlagd i august 1949 av sju familiar som immigrerte til Israel frå Jugoslavia. Neveh Ilan-Beit Nekofa-området vart råka av ein brann sommaren 1996. To tusen dekar med skog og fleire bygningar i Kiryat Anavim kibbutz og Beit Nekofa moshav gjekk tapt i brannen.

Beit Nekofa driv eit bronsestøyperi som til seg mange arbarar frå dei kringliggande landsbyane.Give and Take , Jerusalem Post

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Beit Nekofa» frå , den 12. oktober 2014. oppgav desse kjeldene: Benny Morris (1994): «1948 and after; Israel and the Palestinians.» ISBN 0-19-827929-9.

Kategori:Moshavar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1949 Kategori:Busetnader i Jerusalem distrikt Kategori:Jugoslavisk diaspora Kategori:1949 i Israel