Bob Hayes, eigentleg Robert Lee Hayes, () var ein USA-amerikansk friidrettsutøvar og amerikansk fotball-spelar frå Jacksonville i Florida. Hayes er den einaste idrettsutøvaren som har vunne både OL-gull og Super Bowl.

Friidrettt Under sommar-OL i Tokyo i 1964 vann Hayes to gullmedaljar. På 100 meter tangerte han verdsrekorden og vann med tida 10,0. Ei veke seinare sprang han på ankerertappen USA i mål i 4 x 100 meter stafett på ny verdsrekord, 39,0 sekundar.

Amerikansk fotball Hayes spelte for Dallas Cowboys frå 1965 til -74. I 1972 vann klubben Super Bowl etter 24-3 over Miami Dolphins, året etter den hadde tapt knipent overfor Baltimore Colts. Hayes spelte i 1975-sesongen for San Francisco 49ers.

Etterrakst Hayes vart i 1979 dømd til 10 månaders fengselstraff for narkotikahandel. Seinare vart han rusmisbrukar og enda livet som fattiglus i fødebyen Jacksonville.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Bob Hayes» frå , den 14. oktober 2014.

World Athletics

Kategori:Sprintarar frå USA Kategori:Olympiske meistrar for USA Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1964 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1964 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1964