«Romeo and Juliet» er ein song av det britiske rockebandet Dire Straits, skriven av Mark Knopfler.Discogs Ref 474873 Han kom først ut i 1980 på albumet Making Movies og vart gjeven ut som singel i 1981. Journalisten Dan Bolles har kalla songen ein «klassikar». Songen vart sidan gjeven ut på konsertalbuma Alchemy og On the Night, og seinare på Knopfler sitt konsertalbum med Emmylou Harris, Real Live Roadrunning (sjølv om Harris ikkje spelar på sporet). Songen vart òg gjeven ut på samlealbuma Money for Nothing, Sultans of Swing: The Very Best of Dire Straits og The Best of Dire Straits & Mark Knopfler: Private Investigations.
Teksten skildrar to kjærastar, og hintar om at «Juliet» forlét «Romeo» etter å ha blitt kjendis og flytta frå eit hardt nabolag, der dei først møtte kvarandre. I tillegg til å referere til William Shakespeare-skodespelet med same namn, refererer songen til andre verk om ung kjærleik song, inkludert songane «Somewhere» – frå West Side Story, som igjen er basert på Shakespear-skodespelet - og «My Boyfriend's Back». Den originale songen er blitt nytta i fleire filmar, som Hot Fuzz, Empire Records og Can't Hardly Wait.
Songen opnar med ein arpeggio spelt på resonatorgitar av Knopfler, som òg syng solovokalen. Melodien i opninga av songen minnar om Bruce Springsteen sin «Jungleland» (begge innspelingane har med E Street Band-pianisten Roy Bittan). Instrumenteringa er enkel gjennom versa og vert eit fullt rockearrangement i refrenga.
Sjølve songen, skriven av Knopfler, var inspirert av eit mislukka forhold med Holly Vincent, frontsongaren i det kortvarige bandet Holly and the Italians. Songen omhandlar ein Romeo som framleis er særs glad i sin Juliet, men ho ho behandlar han no som «just another one of [her] deals». Knopfler har sagt og implisert at han meiner Vincent berre nytta han til å kome seg sjølv fram i karrieren sin. Linja «Now you just say, oh Romeo, yeah, you know I used to have a scene with him», referer til eit intervju med Vincent, der ho seier «Det som skjedde var at eg hadde ein episode med Mark Knopfler og kom til eit punkt der han ikkje kunne takle det og me gjekk frå kvarandre».
Andre versjonar
Songen har blitt ein klassisk kjærleikssong som mange artistar har spelt inn. Indigo Girls spelte inn songen i ei soloutgåve av Amy Ray på albumet Rites of Passage.
Songen vart framført av den australske musikaren Lisa Mitchell for den australske radiostasjonen Triple J i 2009. Han vart òg gjeven ut på albumet Like a Version Volume 5 i 2009.
Han vart spelt av The Killers i 2007 og spelt live i Abbey Road Studios for Channel 4-showet Live from Abbey Road og gjeven ut som B-side på «For Reasons Unknown» og på samleplata Sawdust.
Matt Nathanson spelte songen på albumet Live at the Point.
Edwin McCain spelte songen på The Austin Sessions.
Michael Stanley spelte songen på albumet The Hang i 2012.
Adam Martin song songen på The Voice Australia.
Medverkande
Mark Knopfler – resonatorgitar, sologitar, solovokal David Knopfler – rytmegitar John Illsley – bassgitar Pick Withers – trommer, perkusjon
Andre musikarar
Roy Bittan – piano
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Romeo and Juliet (Dire Straits song)» frå , den 19. oktober 2014. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1980 Kategori:Singlar frå 1981 Kategori:Dire Straits-songar Kategori:Rockeballadar Kategori:Songar skrivne av Mark Knopfler Kategori:Verk baserte på Romeo og Julie Kategori:Songar produserte av Mark Knopfler Kategori:Songar produserte av Jimmy Iovine Kategori:Indigo Girls-songar Kategori:The Killers-songar