MS «Øygar», i dag «Alba», er ein westamaran levert frå Westermoen Hydrofoil i Mandal i september 1975 til Øygarden & Sotra Rutelag. Båten gjekk i ruta Bergen - Torstensvik - Rongesund.

I september 1986 vart båten innkjøpt av Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD) og omdøypt «Teisten» i august 1988. For HSD gjekk båten i ruta Bergen - Sunnhordland. I 1990 vart båten sett i Haugesundsruta mellom Haugesund og Stavanger. Båten var reservebåt frå 1992.

Båten vart i september 1995 selt til Fjordwing AS i Strandebarm og vart i januar 1996 omdøypt «Starcruise». Han gjekk då i sommarrute som turistfartøy i Sogn, mellom anna i Aurlandsfjorden, Nærøyfjorden og på Fjærland. Dette var delvis i privatregi og delvis i regi av Fylkesbaatane.

Han vart seld vidare til Tollesund AS i Krakhella i juli 2002 og vart 23. juli 2007 omdøypt «Losna». 4. april 2008 vart «Losna» selt til Lofotferga AS i Svolvær og fekk namnet «Alba». Frå juni 2010 vart båten brukt i sommarrute til Svartisen med hovudbase i Bodø. Turane gjekk i samarbeid med Hurtigruten ASA.

Per oktober 2014 er båten framleis i fart.

Kjelder Skipet.no Norsk hurtigbåthistorie 1971-2011

Bakgrunnsstoff «Alba» på marinetraffic.com

Kategori:Norske snøggbåtar Kategori:Båtar frå Agder Kategori:ØSR-eigde fartøy Kategori:HSD-eigde fartøy Kategori:Skip frå 1975 Kategori:Skip bygde ved Westermoen Hydrofoil Kategori:1975 i Noreg