MS «Gullving», i dag «Aahav», er ein snøggbåt levert frå Båtutrustning på Rubbestadneset i juli 1984 til P/R Tina i Stavanger.

I januar 1986 vart båten overteken av Jørgen Bosvik i Stavanger, før han eit år seinare, i februar 1987, vart seld til Moskenes Shipping i Sørvågen i Lofoten. I april 1993 vart han seld vidare til Sandtorv i Torgangsvåg.

mini|venstre|«Gullving» i opplag i Bergen hausten 1993. Foto: Harald Sætre. Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD) kjøpte båten i september 1993, men alt i april 1994 vart han seld vidare til Agasøster Jordslep på Stord. Han fekk då namnet «Fjordfart». Båten vart raskt seld vidare i oktober 1994 til Sigurd Vindedal i Undredal og fekk då namnet «Aurlandsfjord». Halden & Edvardsen i Kabelvåg kjøpte båten i desember 2000. Han fekk då ny motor i 2001. I oktober 2006 vart båten seld til Lødingen Skyssbåtservice AS i Vestbygd/Harstad og vart omdøypt «Sea Express». Agasøster tok over båten att i oktober 2009, før han igjen hamna i Lofoten hos Moskenes Shipping, som døypte om båten til «Aahav»

Kjelder Skipet.no

Bakgrunnsstoff «Aahav» på marinetraffic.com

Kategori:Norske snøggbåtar Kategori:Båtar frå Vestland Kategori:HSD-eigde fartøy Kategori:Skip frå 1984 Kategori:Skip bygde ved Båtutrustning Kategori:1984 i Noreg