«Ride Across the River» er ein song av det britiske rockebandet Dire Straits. Han vart først gjeven ut som det sjette sporet på det bestseljande albumet deira Brothers in Arms i 1985. Songen skil seg frå andre songar av bandet med latinske rytmar og fløyter. Teksten handlar om geriljakrig eller krigføring med leigesoldatar.

Med ei lengd på 6 minuttar og 58 sekundar er «Ride Across the River» den fjerde lengste songen på albumet.http://www.discogs.com/Dire-Straits-Brothers-In-Arms/release/2210717 Songen opnar den andre sida av den originale LP-plata. Han vart aldri gjeven ut som singel. Songen vart nytta i Miami Vice i episoden «Knock Knock, Who's There?» og serien The Last Ship.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ride Across the River av Dire Straits» frå , den 20. november 2014. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Songar frå 1985 Kategori:Dire Straits-songar Kategori:Songar skrivne av Mark Knopfler Kategori:Songar produserte av Mark Knopfler