thumb|Den mediale veggen i venstre augehòle. Den nedre nasemuslingen er vist i midten, merka med gult. Dei nedre nasemuslingane (latin concha nasalis inferior, concha nasi inferior) er to parvise knoklar og to av nasemuslingane i nasa. Dei strekker horisontalt langs den laterale veggen i nasehòla, og er sett saman av ein lamina av svampeaktig bein, krølla over seg sjølv som ein bokrull. Begge dei nedre nasemuslingane vert rekna som parvise andletsbein, sidan dei oppstår i overkjevebeinet og projiserer horisontalt inn i nasehòla. Når luft straumar inn i muslingane vert den kverna mot dei slimhinnedekte knoklane for å skape varme, fukt og reinsing. Over dei nedre nasemuslingane finn ein dei midtre og øvre nasemuslingane, som oppstår i kraniepartiet i hovudskallen. Desse er difor rekna som kraniebein.
Begge dei nedre nasemuslingane har to overflater, to grenser og to ekstremitetar.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Inferior nasal concha» frå , den 7. desember 2014.
Kategori:Knoklar i hovud og hals