Kafr Manda eller Kfar Menda (arabisk كفر مندا}}, hebraisk כַּפְר מַנְדָא) er ein arabisk by i Nedre Galilea i fjellsida av Atzmon i Nord distrikt i Israel. Kafr Manda ligg 16 km nordvest for byen Nasaret. Han hadde eit folketal på 15 000 i 2005, hovudsakleg muslimske arabarar.

Historie Før-osmansk tid Landsbyen ligg på ein gammal stad på ein låg ås. Det er gjort funn frå antikken her, mellom anna to bitar av søyler og kapitel.Dauphin, 1998, s. 668

I følgje den muslimske vitskapsmann Yaqut al-Hamawi på 1200-talet, Kafr Manda ligg mellom Akko og Tiberias og vert òg kalla Midian. Grava til kona til Moses ligg her. Ved Kafr Mandah kan ein òg sjå gravene til to av sønene til Jakob, Asher og Nafthali vert det sagt.le Strange, 1890, s.470.

Osmansk tid I 1596 var Kafr Manda oppført i osmanske skattelister som ein del av Tabariyya nahiya i Safad liwa. Han hadde ein heilt muslimsk folkesetnad som bestod av 93 hushaldningar og 11 ungkarar. Skattar vart betalte for kveite, bygg, oliventre, bomull, soghum, geiter og/eller bikubar, og ei presse for oliven eller druer.Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 187.

I 1875 skreiv den franske oppdagaren Victor Guérin at landsbyen hadde kring 400 innbyggjarar, alle muslimar.Guérin, 1880, s. 488-489

I 1881 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine Kefr Menda som ein «leirsteinslandsby ved foten av Jebel ed Deibebeh, med kvit muqam i seg. Folkesetnaden er gjeven som 200 sjeler.»Conder and Kitchener, 1881, s. 274

Det britiske mandatet I folketeljinga i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene, hadde Kufr Manda eit folketal på 428, alle muslimar.Barron, 1923, Table XI, Underdistrikt of Nasaret, s. 38 I folketeljinga i 1931 var folketalet i Kafr Manda, i lag med den arabiske el Hujeirat, totalt 975, alle muslimar, i 187 folkesette hus.Mills, 1932, s. 74

I 1945 var folketalet i Kafr Manda 1 260, alle arabarar, som eigde 14 935 dekar land, i følgje ei offisiell landmåling.Government of Palestina, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 62 795 dekar var plantasjar og irrigert land, 7 960 for korn,Government of Palestina, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 109 medan 47 dekar vart utbygd (urbant) land.Government of Palestina, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 159

Under Israel I krysset mellom Akko og Nasaret vart Kafr Manda kringsett av den framrykkande israelske hæren under Operasjon Hiram, 29-31. oktober 1948. Mange av innbyggjarane i landsbyen flykta nordover, men somme vart verande att og vart ikkje forviste av dei israelske soldatane.Morris, Benny (1987) The birth of the Palestinian refugee problem, 1947-1949. Cambridge University Press. ISBN 0-521-33028-9. s.226 Byen vart verande i unntakstilstand fram til 1966. Han fekk lokal kommunestatus i 1973. Sidan då har vegane vorte asfalterte, skular er bygd og infrastruktur som kloakk, elektrisitet og vatningssystem er utbygd.

Sjå òg Arabiske stader i Israel

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kafr Manda» frå , den 13. desember 2014. oppgav desse kjeldene:

, London

Bakgrunnsstoff Yigal Alon Museum Manda Velkomen til Kafr Manda

Kategori:Kommunar i Israel Kategori:Arabiske stader i Israel Kategori:Lokale kommunar i Nord-distriktet i Israel Kategori:Busetnader grunnlagde på 1000-talet Kategori:1973 i Israel