Joe Cocker ()NRK.no: «Joe Cocker er død», 22. desember 2014 var ein engelsk musikar og songar som kombinerte rock og blues.

Cocker vart for alvor kjend for publikum i Europa og Nord-Amerika då han i 1969 deltok på Woodstock-festivalen. Før den tid hadde han ein viss suksess i England med fleire coverversjonar av The Beatles-låtar, spesielt versjonen av «With a Little Help from My Friends». Etter det gjorde han i 1970 braksuksess med dobbel-albumet Mad Dogs and Englishmen. Konsertalbumet hamna på topp 10 på albumlista i USA.

Ein av dei mest kjende songane hans er «You Are So Beautiful» frå 1975. Andre songar som har vore viktige gjennom karrieren hans er mellom andre: «Up Where We Belong», (Filmmusikk til En offiser og en gentleman) «You Can Leave Your Hat On» «When the Night Comes» «N'oubliez Jamais» «Unchain My Heart» «Feels Like Forever»

Cocker deltok òg på 25-årsmarkeringa av Woodstock-festivalen, Woodstock '94.

Diskografi thumb|Joe Cocker under Woodstockfestivalen den 17. august 1969. Heart & Soul (2005) Ultimate Collection (2004) Respect Yourself (2002) No Ordinary World (1999) Greatest Hits (1998) Across from Midnight (1997) Organic (1996) The Long Voyage Home (1995) Have a Little Faith (1994) The Best of Joe Cocker (1993) Night Calls (1992) Joe Cocker Live (1990) One Night of Sin (1989) Unchain My Heart (1987) Cocker (1986) Civilized Man (1984) Sheffield Steel (1982) Luxury You Can Afford (1978) Greatest Hits (1977) Stingray (1976) Jamaica Say You Will (1975) I Can Stand a Little Rain (1974) Joe Cocker: Something to say (1972) Mad Dogs & Englishmen (1970) Joe Cocker! (1969) With a Little Help from My Friends (1969)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Joe Cocker» frå , den 22. desember 2014. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kategori:Engelske songarar Kategori:Folk frå Sheffield Kategori:Blue-eyed soul-songarar Kategori:Engelske skodespelarar Kategori:Engelske popsongarar Kategori:Engelske rockesongarar Kategori:Engelske soulsongarar Kategori:Grammy-vinnarar Kategori:Order of the British Empire Kategori:Døde av lungekreft