Anna Helene Ottosson Blixth () er ein svensk tidlegare alpin skirennar frå Östersund som vann OL-sølv i storslalåm i 2006, samt VM-sølv med Sveriges seksmannslag i 2007.

Aktiv Ottosson var, særleg i sesongane 1998-2000, ei av dei beste kvinnene i verda i storslalåm. Hennar einaste siger i eit verdscuprenn kom 23. januar 2002 i Cortina d'Ampezzo i nettopp storslalåm. I alt oppnådde ho seks pallplasseringar i verdscupen, fem av dei i storslalåm, samt ein andreplass i slalåm.

Frå 1998 til 2007 var Ottosson aldri dårlegare enn nummer tolv i si beste øving i dei store meisterskapane i perioden. Men det var fyrst under Vinter-OL 2006 i Torino ho kunne hente ein medalje etter ei tevling. Her vart ho nummer tre i storslalåm.

I VM i alpine greiner 2007 i Åre var Ottosson med på det svenske laget som vann sølv i lagkonkurransen. Som einaste svenske vann ho sitt renn, heat 1 av slalåmheata. Ho deltok også i super-G, heat 3, der ho hadde fjerde beste tid. Ved sesongslutt la ho opp.

Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar Denne artikkelen bygger på «Anna Ottosson» frå , den 2. januar 2015.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Svenske alpinistar Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Sverige Kategori:Svenske deltakarar under vinter-OL 1998 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1998 Kategori:Svenske deltakarar under vinter-OL 2002 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 2002 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2006 Kategori:Svenske deltakarar under vinter-OL 2006 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 2006