Money for Nothing er eit samlealbum av det britiske rockebandet Dire Straits som kom ut i 1988. Det inneheld høgdepunkt frå dei første fem albuma til bandet. Vinylutgåva kom utan «Telegraph Road» og har ei anna rekkefølgje, med «Tunnel of Love» plassert mellom «Money for Nothing» og «Brothers in Arms». Samleplata gjekk til topps på den britiske albumlista og selde 6,6 millionar eksemplar i Europa og ein million i USA.

Innhald Alle songar er skrivne av Mark Knopfler, utanom der andre er nemnde. «Sultans of Swing» – 5:46 «Down to the Waterline» – 4:01 Spor 1-2 opphavleg frå Dire Straits. «Portobello Belle--Live» – 4:33 Tidlegare ikkje gjeven ut. Unytta opptak frå Alchemy: Dire Straits Live. «Twisting by the Pool (Remix)» – 3:30 Tidlegare gjeven ut som singel og EP. «Tunnel of Love» (Intro av Rodgers/Hammerstein) – 8:10 «Romeo and Juliet» – 5:56 Spor 5-6 tidlegare gjevne ut på albumet Making Movies. «Where Do You Think You're Going?» – 3:30 Miks som ikkje tidlegare er gjeven ut. Originalversjonen finst på albumet Communiqué. «Walk of Life» – 4:08 Tidlegare gjeven ut på albumet Brothers in Arms. «Private Investigations» – 5:50 Forkorta utgåve, den fulle versjonen vart gjeven ut på Love over Gold. «Telegraph Road--Live (Remix)» – 11:59 Miks som ikkje tidlegare er gjeven ut. Originalversjonen er på albumet Alchemy: Dire Straits Live. «Money for Nothing» (Mark Knopfler, Sting) Single edit – 4:06 «Brothers in Arms» edit – 4:49 Versjonar ikkje tidlegare gjeven ut på album. Dei originale versjonane er på albumet Brothers in Arms.

Lister Liste (1988)PlasseringFrankrike (SNEP) Search for DIRE STRAITS and click OK.1 Liste (1989)Plassering

Salstrofé

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Money for Nothing (album)» frå , den 4. januar 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Dire Straits-album Kategori:Samlealbum frå 1988 Kategori:Nummer-ein-album i Storbritannia Kategori:Nummer-ein-album i Sveits Kategori:Nummer-ein-album i Frankrike