Birkelandsskiftet er ein haldeplass på linje 1 på Bybanen i Bergen som er kombinert med ein terminal for lokalbussar. Haldeplassen vart teke i bruk 15. august 2016, saman med dei andre haldeplassane på strekninga Lagunen-Birkelandsskiftet av byggjesteg nummer tre på Bybanen. Det vart då opna for ordinær drift mellom Lagunen haldeplass og Birkelandsskiftet haldeplass. Strekninga vidare til Flesland haldeplass vart køyrd med buss, ettersom haldeplassen på Flesland skulle liggje i ein terminalbygning som var under oppføring på denne tida.
Haldeplassen ligg i Birkelandsskiftet i Ytrebygda i Bergen.
Fotnotar
Kategori:Stasjonar på Bybanen Kategori:Ytrebygda Kategori:Samferdsle i Bergen Kategori:Jarnbanestasjonar opna i 2016