Local Hero er det første filmmusikkalbumet til den britiske musikaren, låtskrivaren og gitaristen Mark Knopfler, gjeve ut i mars 1983 på Vertigo Records internasjonalt og Warner Bros. Records i USA. Albumet inneheld musikk skriven for filmen Local Hero i 1983, produsert av David Puttnam og skriven og regissert av Bill Forsyth. I 1984 fekk albumet ein BAFTA-nominasjon for beste filmmusikk.

Bakgrunn Etter ei rekkje på tre storseljande album med Dire Straits—Dire Straits (1978), Communiqué (1979) og Making Movies (1980)—byrja frontmannen i gruppa, Mark Knopfler, å sjå seg om etter nye musikalske utfordringar og mogelegheiter. Tidleg i 1982, skreiv manageren til Knopfler til fleire filmregissørar og indikerte at Knopfler var interessert i å skrive filmmusikk. Produsenten David Puttnam varte og etter å ha sett over Local Hero-prosjektet, tok Knopfler i mot jobben. Etter det fjerde Dire Straits-albumet var ferdig, Love Over Gold (1982), spelt inn frå 8. mars til 11. juni 1982 — eit album som òg kom til å selje stort - byrja Knopfler på det første soloprosjektet sitt. Knopfler inviterte med seg Gerry Rafferty som solovokalist på songen «The Way It Always Starts». I 2000 inviterte Rafferty Knopfler med på rytmegitar og sologitar på det siste soloalbumet hans, Another World.

Innspeling Local Hero vart spelt inn i 1982 ved The Power Station i New York og Eden Studios i London. Ceilidh-scenene vart spelte inn i Hilton Women's Royal Institute Hall nær Banff i Skottland den 19. juni 1982 av Mark Knopfler, og lydteknikaren Louis Kramer med ein Nagra 4.2L.

Mottaking

I meldinga si for AllMusic gav William Ruhlmann albumet fire og ei halv av fem stjerner, og skreiv at Knopflers «intrikate, sjølvgranskande fingerplukking var perfekt for den vemodige tonen i komedien til Bill Forsyth, Local Hero». Ruhlmann sa vidare, «den lågmælte musikken har spor frå skotsk musikk, men det meste høyres ut som Dire Straits-instrumentalar, særleg det tilbakevendande temaet, ein av dei mest minneverdige melodiane til Knopfler».

Magasinet Rolling Stone kalla filmmusikkdebuten til Knopfler's «ein innsmigrande LP av sjarmerande, kosmopolittisk musikk - ei plate som kan danne filmar i tankane dine».

For Local Hero fekk Knopfler ein nominasjon til BAFTA-prisen, den britiske Spellemannsprisen, for beste filmmusikk.

Innhald

Medverkande Musikk Mark Knopfler – gitarar, synthesizerar, perkusjon, LinnDrum Alan Clark – synthesizerar, piano, Hammondorgel Hal Lindes – rytmegitar (3) Mike Brecker – saksofon (4,11,14) Mike Mainieri – vibrafon (4,11) Gerry Rafferty – vokal (5) Neil Jason – bass (4,5) Tony Levin – bass (11,14) John Illsley – bass (3) Eddie Gomez – bass (8) Steve Jordan – trommer (4,5) Terry Williams – trommer (3,11,14) The Acetones

Produksjon Mark Knopfler – produsent Neil Dorfsman – lydteknikar Josh Abbey – assisterande lydteknikar Tim Palmer – assisterande lydteknikar Phil Vinall – assisterande lydteknikar Bob Ludwig – mastering ved Masterdisk Denis Waugh – plateomslag Frank Griffin – bakside plateomslag

Salstrofé OrganisasjonNivåDatoBPI – UKSølv17. mai 1984

Fotnotar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Local Hero (album)» frå , den 12. januar 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Local Hero på den offisielle heimesida til Mark Knopfler

Kategori:Filmmusikkalbum frå 1983 Kategori:Album produserte av Mark Knopfler Kategori:Mark Knopfler-album Kategori:Vertigo Records-album Kategori:Warner Bros. Records-album Kategori:Debutalbum frå 1983