Neck and Neck er eit samarbeidsalbum av den amerikanske gitaristen Chet Atkins og den britiske songaren og gitaristen Mark Knopfler, gjve ut 9. oktober 1990 av Columbia Records. «Poor Boy Blues» vart gjeven ut som singel, og i 1991 vann albumet Grammy-prisen for beste countrysamarbedi med vokal. Det same året vann «So Soft Your Goodbye» ein Grammy-pris for beste countryinstrumental.

Atkins spelte opphavleg inn «Yakety Axe», ein parodi av Boots' Randolph sin «Yakety Sax», i 1965 på albumet More of That Guitar Country. Denne nye innspelinga er med tekst og eit nytt arrangement som vart skriven av Merle Travis. Atkins har òg tidlegare spelt inn «I'll See You in My Dreams» på eit album med Merle Travis.

Mottaking

I meldinga si for AllMusic gav Stephen Thomas Erlewine albumet fire av fem stjerner og kalla det «det mest fokusert og utan tvil mest gjevande innspelinga Atkins har gjeve ut». Erlewine peika på innverkanden Knopfler hadde hatt på albumet med den legendariske gitaristen:

Innhald

Medverkande Musikk Chet Atkins – gitar, vokal Mark Knopfler – gitar, vokal Larrie Londin – trommer Guy Fletcher – trommer, bass, klaverinstrument Edgar Meyer – bass Steve Wariner – bass Mark O'Connor – fele, mandolin Paul Franklin – steelgitar, pedabro, dobro, Floyd Cramer – piano (spor 6) Vince Gill – korvokal

Produksjon Mark Knopfler – produsent Mike Poston – lydteknikar Guy Fletcher – lydteknikar Vanelle – assisterande lydteknikar Ron Eve – assisterande lydteknikar Bill Schnee – mikslydteknikar Doug Sax – mastering på The Mastering Lab i Los Angeles Alan Yoshida – mastering på The Mastering Lab i Los Angeles Deborah Feingold – fotografi

Lister

Album Liste (1990) Plassering Canada 71 Noreg 5 Sverige 8 Sveits 3 UK Album Chart 41 US Billboard 200 Chart 127 US Billboard Top Country Chart 27

Singlar År singel Plassering CAN Country 1990 «Poor Boy Blues» 92

Fotnotar

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Neck and Neck» frå , den 14. januar 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Neck and Neck på den offisielle heimesida til Mark Knopfler «I'll See You in My Dreams»

Kategori:Musikkalbum frå 1990 Kategori:Album produserte av Mark Knopfler Kategori:Chet Atkins-album Kategori:Columbia Records-album Kategori:Mark Knopfler-album