Günther Mader () er ein austerriksk tidlegare alpin skirennar frå Matrei am Brenner i Tirol som vart nummer to i verdscupen i alpine greiner både i 1995 og 1996. I tida 1987-97 sikra han seg seks VM-medaljar og ein OL-medalje; seks i bronse og ein i sølv.

Aktiv Gjennom tolv sesongar, 1986 til 1997, vann Mader 14 renn i verdscupen. Han vann, som ein av få utøvarar, verdscuptevlingar i alle fem øvingane. Flest sigrar tok han, seks i talet, i super-G. Men det var FIS-pokalen 1990 i storslalåm og ein kombinasjonspokal han opplevde som sine største triumfar.

Mader vann sølvmedaljen i slalåm ved VM i alpine greiner 1987 i Crans-Montana, einast Frank Wörndl frå Vest-Tyskland rann fortare. I same meisterskapen tok Mader den fyrste av tre strake VM-bronsar i kombinasjon, den fjerde kom i VM 1996. Tidlegare hadde han vunne bronsemedaljen i utfor under Vinter-OL 1992 i Albertville, og seinare tok han ein bronsemedalje også i super-G, då i VM i alpine greiner 1997.

Straks etter sesongslutt våren 1998 vart Mader råka av eit hjerneslag. Etter langvarig opptrening tok han seg arbeid for eit skiutstyrsfirma.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Günther Mader» frå , den 14. januar 2015.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Austerrikske alpinistar Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Austerrike Kategori:Austerrikske deltakarar under vinter-OL 1988 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1988 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1992 Kategori:Austerrikske deltakarar under vinter-OL 1992 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1992 Kategori:Austerrikske deltakarar under vinter-OL 1994 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1994 Kategori:Austerrikske deltakarar under vinter-OL 1998 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1998