Ralph Gallant, betre kjend under scenenamnet Larrie Londin (), var ein USA-amerikansk trommeslagar og studiomusikar.

Han vart i tidleg alder medlem av The Headliners, i lag med broren Lonnie på bass, og vart det første kvite bandet som fekk kontrakt med Motown.Drummerworld, Profile of Larrie Londin, Top 500 Drummers. Henta 15. januar 2015. Hos Motown byrja Lodin ein karriere som studiomusikarar og spelte på innspelingar av The Supremes, Marvin Gaye, The Temptations og Jr. Walker & the All Stars. Etter perioden hos Motown spelte Londin i bandet i fjernsynsshowet til Tennessee Ernie Ford.Uncredited, TCB Band - Larrie Londin; Elvis Presley Music.. Han flytta til Nashville i 1969 og vart ein av dei fremste studiotrommeslagarane der.Geoff Nicholls, Obituary: Larrie Londin. The Independent,. september 7, 1992. Henta 15. januar 2015.

Londin arbeidde med Elvis Presley både i studio og på konsertar, mellom anna dei to siste konsertane Elvis heldt før han døydde. Andre artistar han spelte med var The Cherry Bombs for Rodney Crowell, Emmylou Harris, Diana Ross, The Supremes, The Temptations, The Four Tops, Martha Reeves, The Vandellas, Smokey Robinson, Joe Tex, Wilson Pickett, Lionel Richie, Jerry Lee Lewis, Boots Randolph, Charlie Pride, Randy Travis, Porter Wagoner, Dolly Parton, B.B. King, Albert Lee, Larry Carlton, Lee Ritenour, England Dan & John Ford Coley, Bobby Bare, Merle Haggard, Hank Snow, Jerry Reed, Rosanne Cash, Al Green, Don Francisco, Dan Fogelberg, Reba McEntire, KT Oslin, Vince Gill, Ricky Skaggs, Hank Williams jr., Chet Atkins, Ronnie Milsap, Dan Hill, Fosterchild, Journey og Steve Perry. I åra før han døydde var han i studio og turnerte med the Everly Brothers.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Larrie Londin» frå , den 15. januar 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:USA-amerikanske rocketrommeslagarar Kategori:Folk frå Norfolk Kategori:Musikarar frå Virginia Kategori:Journey-medlemmar Kategori:USA-amerikanske countrytrommeslagarar Kategori:USA-amerikanske studiomusikarar Kategori:The Notorious Cherry Bombs-medlemmar