The Memphis Horns er ei amerikansk blåserekkje som spelte på mange innspelingar på Stax Records. Dei har blitt kalla «kan hende den beste soul-blåserekkja nokon gong».* Opphavleg var gruppa ein sekstett, men vart gradvis færre og til slutt ein duo, Wayne Jackson på trompet og Andrew Lovehttp://themusicsover.com/2012/04/12/andrew-love/ på tenorsaksofon.

The Memphis Horns spelte for artistar som Isaac Hayes, Otis Redding, Rufus Thomas, Sam and Dave og mange andre på Stax, i tillegg til The Doobie Brothers sitt What Were Once Vices Are Now Habits og U2 sitt Rattle and Hum, i tillegg til nokre få soloalbum.

I 1970-åra spelte dei med Al Green, Neil Diamond, Elvis Presley, Don Harrison Band og Stephen Stills. Dei turnerte med Stills i 1971. I 1980-åra spelte dei for mellom andre Sting og Peter Gabriel.

I 2012 fekk Memphis Horns Grammy sin ærespris.http://www.grammy.com/news/lifetime-achievement-award-the-memphis-horns

Medlemmar Wayne Jackson - trompet Andrew Love - tenorsaksofon Floyd Newman – barytonsaksofon Lewis Collins - saksofon, fløyte Jack Hale - trombone Jack Hale, Jr. - trompet, valthorn, Ed Logan - tenorsaksofon James Mitchell - barytonsaksofon Ben Cauley - trompet Roger Hopps - trompet Joe Arnold - saksofon Calvin Caples - barytonsaksofon

Diskografi The Memphis Horns (1970) Horns For Everything (1972) High On Music(1976) Get Up and Dance(1977) The Memphis Horns Band II (1978) Welcome To Memphis (1979) Flame Out (1992) The Memphis Horns With Special Guests (1995) Wishing You A Merry Christmas (1996)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «The Memphis Horns» frå , den 22. januar 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Wayne Jackson si nettside

Kategori:USA-amerikanske soulband Kategori:USA-amerikanske studiomusikarar