«Breaking Up Is Hard to Do» er ein song av Neil Sedaka, som han skreiv i lag med Howard Greenfield. Sedaka spelte inn songen to gonger, i 1962 og i 1975 i to heilt forskjellige arrangement. Det vert rekna som signaturlåten hans.[ Breaking Up Is Hard To Do Song Review] 29. november 2011 Ein annan song med det same namnet hadde tidlegare blitt spelt inn av Jivin' Gene [Bourgeois] og The Jokers i 1959.

1962-utgåva Songen vert av Allmusic skildra som «to minuttar og seksten sekund med rein popmagi», og «Breaking Up Is Hard to Do» nådde toppen av Billboard Hot 100 i USA den 11. august 1962 og selde godt verda over, stundom med teksten omsett til andre språk. TIl dømes vart den italienskspråklege versjonen kalla «Tu non lo sai» og spelt inn av Sedaka sjølv.

På denne versjonen syng jentegruppa The Cookies korvokal. Andre medverkande på innspelinga var Al Casamenti, Art Ryerson og Charles Macy på gitar; Ernie Hayes på piano; George Duvivier på bass; Gary Chester på trommer; Artie Kaplan på saksofon; George Devens og Phil Kraus på perkusjon; Seymour Barab og Morris Stonzek på cello; og David Gulliet, Joseph H. Haber, Harry Kohon, David Sackson og Louis Stone på fiolin.

1975-versjonen

Originalversjonen er ein livleg song, men Sedaka spelte han inn på ny som ein ballade i 1975. Det langsamare arrangementet vart opphavleg spelt inn av Lenny Welch som nådde 34. plassen på singellista i USA med denne i januar 1970. Sedaka sin langsame versjon nådde åttandeplassen i desember 1975 og nådde toppen av Easy Listening-lista. Dette var berre andre gongen at ein artist hadde nådd topp 10 på Billboard-lista med to forskjellige versjonar av same song.

Andre versjonar «Breaking Up Is Hard to Do» har blitt spelt inn av mange andre artistar gjennom åra:

Paul Anka Carpenters Dee Dee Sharp Nick Carter Gloria Estefan La Onda Vaselina The Four Seasons Eydie Gorme Lucy Hale Garrett Haley Alvin and the Chipmunks The Happenings Tom Jones Killola Carole King Little Eva Renee Olstead The Partridge Family Zoogz Rift Svenne & Lotta Lenny Welch Andy Williams Cartoons (band) Ein duett mellom Sedaka og Sissel Kyrkjebø Mak and the Dudes Damian McGinty frå Celtic Thunder Clay Aiken Shelley Fabares Aimer The Overtones The Marbles

Tysk versjon: «Abschiednehmen ist so schwer» Anna-Lena Löfgren (1962; ho var ein svensk songar)

Fransk versjon: «Moi je pense encore à toi» Claude François Sylvie Vartan

Spansk versjon: «Qué triste es el primer adiós» La Onda Vaselina (1989).

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Breaking Up Is Hard to Do» frå , den 8. februar 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Songar frå 1962 Kategori:Singlar frå 1962 Kategori:Singlar frå 1975 Kategori:Songar med tekst av Howard Greenfield Kategori:Songar skrivne av Neil Sedaka Kategori:Neil Sedaka-songar Kategori:Paul Anka-songar Kategori:Carpenters-songar Kategori:The Four Seasons-songar Kategori:Tom Jones-songar Kategori:Carole King-songar Kategori:The Partridge Family-songar Kategori:Shelley Fabares-songar Kategori:The Marbles-songar Kategori:Andy Williams-songar Kategori:Gloria Estefan-songar Kategori:Little Eva-songar Kategori:Sissel Kyrkjebø-songar Kategori:Songar på toppen av Billboard-lista