mini|Ragnhild Mowinckel (2017) Ragnhild Mowinckel () er ein norsk alpinist frå Molde som i 2018 vann OL-sølv i storslalåm. Storslalåm- og super-G-spesialisten Mowinckel har vunne tre NM-gull i tida 2012-14, i tillegg til tre renn i junior-VM. Ho er medlem i Sportsklubben Rival.
Aktiv Vinteren 2012 vann Mowinckel både storslalåm og kombinasjonen under junior-VM i Roccaraso i Italia. Sesongen etter forsvarte ho meistertittelen i kombinasjon då junior-VM vart avvikla i Quebec-provinsen i Canada.
Mowinckel debuterte i verdscupen 3. januar 2012 i Zagreb. Si hittil beste plassering i verdscupen, ein femteplass i storslalåm, oppnådde ho i Kühtai i Tirol den 28. desember 2014. Etter å ha vorte nummer seks i superkombinasjonen under Vinter-OL 2014 i Sotsji, måtte ho nøye seg med ein niandeplass i same øvinga ved VM i alpine greiner 2015 i Vail/Beaver Creek.
Mowinckel vart norsk meister i storslalåm og kombinasjon under NM i alpine greiner 2013 i Hafjell i Øyer, og tok medaljar i dei andre tre øvingane. I 2014 vart ho noregsmeister i kombinasjon på Voss.
Den 16. desember 2017 kapra Mowickel tredjeplassen i ei super-G-tevling i Val-d’Isère, hennar fyrste pallplass i eit verdscuprenn. To månader seinare tok ho sølvmedaljen i storslalåm under Vinter-OL 2018 i Pyeongchang.
Kjelder
Sportsboken, aktuelle årgangar Denne artikkelen bygger på «Ragnhild Mowinckel» frå , den 14. februar 2015.
Kategori:Norske alpinistar Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Noreg Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 2014 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 2014 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2018 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 2018 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 2018 Kategori:Folk frå Molde