«Only the Lonely (Know the Way I Feel)» er ein song frå 1960 skriven av Roy Orbison og Joe Melson. Innspelinga var produsert av Fred Foster for Monument Records og vart den første store hitten for Orbison. Som ein operaaktig rockeballade, vart det ein stil ein ikkje hadde høyrt tidlegare, utanom for «It's Now or Never» av Elvis Presley. Songen vert rekna som særs viktig for utviklinga av rock and roll.
Han vart gjeven ut som singel på Monument Records i mai 1960, og nådde andreplassen på Billboard-lista i USA den 25. juli 1960 (berre stoppa av Brenda Lee sin «I'm Sorry») og 14. plassen på R&B-lista til Billboard. «Only the Lonely» nådde førsteplassen i Storbritannia den 20. oktober 1960, og låg der i to veker. I alt låg han 24 veker inne på den britiske singellista frå 28. juli 1960. I Noreg nådde songen fjerdeplassen på VG-lista.
Musikarane på innspelinga var dei faste studiomusikarane til Orbison med Buddy Harman på trommer, Floyd Cramer på piano og Bob Moore på bass med Hank Garland og Harold Bradley på gitar.
I 1999 vart «Only the Lonely» plassert i Grammy Hall of Fame Award. I 2004 vart songen rangert på 232. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene. På den oppdaterte lista til Rolling Stone i 2010 låg songen på 234. plassen.http://www.rocklistmusic.co.uk/rstone.html Rolling Stone - 500 greatest songs
Andre versjonar I 1969 spelte countrysongaren Sonny James inn songen og nådde toppen av country-lista til Billboard i USA. Chris Isaak har òg spelt ein versjon av songen.
Norske versjoner Einar Jemtland, Arne T. Elgesem, A. Epaas, Viggo Sandvik Hansen og Eldar Vågan og T. Sæther har skrive norske tekstar til songen. Jemtland og Sæther sine versjonar har tittelen «Den som er ensom». Elgesem sin versjon heiter «Anne-Susanne». Epaas sin versjon heiter «En som er ensom». Sandvik Hansen og Vågan sin versjon heter «Aunli & Aunli».
Innspelingar År Songtittel Albumtittel Artist Tekstforfatter Platetype Platemerke og katalognummer1974«Den som er ensom»For aill' pænganGluntanEinar JemtlandLPOdeon 7E 062-390601978«Anne-Susanne» Svenn-Erik FjeldbergArne T. ElgesemSingelPolydor 2052 1581978«En som er ensom»Countryfest 3Lillian AskelandA. EpaasLPTalent TLS 30461987«Aunli & Aunli»Gå for gull!Vazelina BilopphøggersViggo Sandvik Hansen Eldar Vågan LPSlagerfabrikken/Opal SLP 99008CDSlagerfabrikken/Opal SCD 990081991«Den som er ensom»Midt i trafikkenFryd & GammenT. Sæther CDGP GPCD 191
I popkulturen Versjonen til Orbison er nytta i filmar som The Love Letter (1999) og Only the Lonely (1991). Bruce Springsteen refererer til songen i 1975 i songen «Thunder Road».Barker, Derek (2009). Liner notes to Bruce Springsteen's Jukebox: The Songs that Inspired the Man [CD]. Chrome Dreams.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Only the Lonely» frå , den 20. februar 2015. oppgav desse kjeldene: http://www.discogs.com/Roy-Orbison-The-Monument-Singles-Collection-1960-1964/release/3646494
Bakgrunnsstoff
Kategori:Songar frå 1960 Kategori:Singlar frå 1960 Kategori:Balladar frå 1960-åra Kategori:Roy Orbison-songar Kategori:Singlar frå 1969 Kategori:Nummer-ein-singlar i Storbritannia Kategori:Popstandardar Kategori:Grammy Hall of Fame Award Kategori:Songar om einsemd Kategori:Songar skrivne av Roy Orbison Kategori:Songar skrivne av Joe Melson Kategori:Sonny James-songar Kategori:The Flying Pickets-songar Kategori:Chris Isaak-songar Kategori:Monument Records-singlar 234 Kategori:Sentimentale kjærleikssongar Kategori:Songar produserte av Fred Foster